Inspirasjon frå folkemusikk, jazz og klassisk
Det kompositoriske uttrykket til Jo Asgeir Lie er inspirert av norsk og svensk folkemusikk, men han hentar også inspirasjon frå jazz og klassisk musikk.
Det er eit stort spenn i produksjonen hans, som inneheld teatermusikk, større og mindre soloverk, kammermusikkverk, korverk og liturgisk musikk.
Han er også ein mykje nytta arrangør, og har arrangert musikk for ei rekkje ensemble.