Jo Asgeir Lie

Eit virke i musikken si teneste

Jo Asgeir Lie (f. 1972) er musikar, pedagog og rektor for Ole Bull Akademiet.

Jo Asgeir har også ein omfattande produksjon som komponist og arrangør, og har skrive musikk for ei rekkje ulike ensemble og prosjekt. 



Frå Voss til Ål med musikken som følgjesven

Jo Asgeir er fødd og oppvaksen på Voss, men har sidan 1999 vore busett på Ål i Hallingdal. Han er utdanna ved Norges musikkhøgskole i Oslo, med trekkspel/akkordeon som hovudinstrument.

Han har klassisk musikk, folkemusikk og pedagogikk i fagkrinsen, i tillegg til studiar i komposisjon og musikkadministrasjon.

Han tok tok hovudfag (Master) i folkemusikk i 1998 med trekkspelaren Oddvar Nygaard som emne.

Musikar, komponist og pedagog

Jo Asgeir har eit omfattande virke som musikar, komponist, pedagog og leiar innan kulturlivet. Han er i dag rektor og fyrsteamanuensis ved Ole Bull Akademiet på Voss. Han har også vore kulturskulerektor i Ål i Hallingdal i over 10 år.

Som utøvar har han samarbeidd med ei lang rekkje musikarar innafor ulike musikalske sjangrar, og har medverka på over 40 studioinnspelingar.