Trekkspel

Jo Asgeir Lie er ein allsidig trekkspelar, komponist og kulturadministrator frå Ål i Hallingdal. Han er til dagleg rektor ved Ole Bull Akademiet på Voss, og er samstundes ein av dei mest markante utøvarane på trekkspel i Noreg i dag, både som utøvar og som formidlar og pedagog. Gjennom snart 20 år har han vore med å prege utviklinga av norsk folkemusikk både gjennom eiga utøving, og gjennom administrativt virke.

Solist

Som solist har Jo Asgeir Lie opptredd i inn- og utland. Han har også vore solist med symfoniorkester, korps og kor ved fleire høve. Hausten 2015 gav han ut to solo-cdar, Song til nordavinden og Sol og skodde.

Kammermusikar og studiomusikar

Folkemusikkgruppa Kvarts er den største delen av det utøvande virket til Jo Asgeir Lie. Gruppa vart etablert i 1998, og har turnert i inn- og utland sidan då. Med Kvarts har han til no gjeve ut sju produksjonar, og for to av dei har gruppa også vunne Spellemannprisen. Kvarts har samarbeidd med ei lang rekkje musikarar, og har også hatt eit suksessfullt samarbeid med Kringkastingsorkestret. Med Kvarts har han også vore med å skrive teatermusikk og bestillingsverk til fleire festivalar.

I 2012 var han ein av hovudmusikarane på cd-en Til himmels med gangar og pols, som er ei innspeling av folkemsuikkmessa frå Ål, der Lie har skrive den liturgiske musikken. 2015 vart året for eigne soloproduksjonar, og dei to solo-cdane Song til nordavinden og Sol og skodde synleggjer heile det musikalske universet hans, både som utøvar og som komponist og arrangør. I 2015 kom han med to solo-cdar. Song til nordavinden er ein folkemusikkproduksjon, med tradisjonsmusikk og eigenkomponert musikk i folkemusikkstil, medan all musikken på Sol og skodde er komponert av Jo Asgeir Lie. Musikken er påverka av ei rekkje musikkstilar, henta frå musikk han har arbeidd med, og som han igjen har lete seg inspirere av. Difor møter jazzakkordar visetonar, som igjen smeltar saman med folkemusikk-inspirasjon frå ulike delar av verda.

Som studiomusikar har Jo Asgeir Lie medverka på nær 30 innspelingar innafor ulike sjangrar, mellom anna med artistar som Ole Paus, Stein Torleif Bjella og Jonas Fjeld.

Saman med Ingunn Stræte Lie har han etablert ein trekkspelduo som i 2016 kjem med ein ny cd-produksjon. Han var også med på cd-en Fele/Hardingfele/Røros/Hallingdal, som Olav Luksengård Mjelva gav ut i 2009, og som Mjelva også fekk Spellemannprisen for. Saman med den svenske folkemusikksaksofonisten Pär Moberg gav han sommaren 2015 ut ei duoplate med norsk og svensk folkemusikk.