Komponist

Det kompositoriske uttrykket til Jo Asgeir Lie er hovudsakleg inspirert av norsk og svensk folkemusikk, men han hentar også inspirasjon frå jazz og klassisk musikk. Det er eit stort spenn i produksjonen hans, som inneheld teatermusikk, større og mindre soloverk, kammermusikkverk, korverk og liturgisk musikk. Han er også ein mykje nytta arrangør, og har arrangert musikk for ei rekkje ensemble.

Det største enkeltståande prosjektet til no har vore å komponere og utvikle Folkemusikkmesse frå Ål. Folkemusikkmessa, med ny liturgisk musikk i folkemusikkstil til den ordinære høgmessa blir no brukt over heile landet, og er også eit av forslaga til nye liturgiar for Den Norske Kyrkja.

Større tingingsverk

Fem songar (2015) Tingingsverk for damekor (SSAA), trekkspel, tuba og perkusjon

Sol og skodde (2014) Verk i 10 satser for vokal, trompet, klaver, gitar, bass og slagverk.

Stavkyrkje (2013) Verk i 12 satsar for solo trekkspel/ akkordeon.

Vinden blæs dit den vil (2010): Tingingsverk til Den Norske Folkemusikkveka på Ål. Musikken vart komponert i samarbeid med Carl Petter Opsahl for besetninga klarinett, trekkspel, bass og perkusjon

Folkemusikkmesse (2007-2010): Tinga av Ål kyrkje. Folkemusikkmessa er no eit av forslaga til nye liturgiar for Den Norske Kyrkja, og er skriven for kyrkjelyd og orgel. Messa er i tillegg også arrangert for kor (SATB), tre obligatstemmer, gitar og bass (utgjeve på Cantando musikkforlag).

Kom la oss juble for Herren (2010): Tinga av Hol Kirkelige Fellesråd til innviinga og vigslina av Geilo kulturkyrkje. Verket er skrive for kor (SATB), fele, trekkspel og orgel.

Svaner og himmelsprang (2008): Skrive på bestilling frå Ingunn Stræte Lie (trekkspel/akkordeon) og Tone Elisabeth Braaten (sopran). Verket, med tekstar av Wenke Kolstad, har seks satsar

Dances for clouds (2007): Saksofonkvartett tinga av Erie Saxopohone Quartet i New York. Verket i fem satsar hadde urfremføring våren 2008.

Dødsdansen på Norefjell( 2005): I 2005 komponerte Jo Asgeir Lie musikken til teaterstykket ”Dødsdansen på Norefjell,” som var eit tingingsverk til Den Norske Folkemusikkveka. Teksten til stykket vart skrive av Eldgrim H. Springgard. Besetning: fele/hardingfele, piano/trøorgel og perkusjon.

Vinterliv (2003): Tingingsverk til Den Norske Folkemusikkveka på Ål. Verket var skrive til trioen Tre Begrædelige Piger for besetninga fele/hardingfele, trekkepsl/akkordeon, song og fløyte. I 2004 spela trioen verket inn på cd-en ”Til deg.” Cd-en vart nominert til Spellmannprisen for 2004 i klassen folkemusikk og gammeldans.

Kvarts

Saman med Kvarts har han skrive musikk til ei rekkje større produksjonar:

Gneistar (Den Norske Folkemusikkveka, Ål), 2000

Skal, skal ikkje (Rikskonsertane/ Førde Internasjonale Folkemusikkfestival), 2002

Messe for tvil (Tvilsdagene, Hamar), 2005

Musikalske vossastubbar (Osafestivalen/ Voss Spelemannslag), 2007

Tonar til hjarta (Den Norske Folkemusikkveka/ Jørn Hilme Stemnet) 2009

Vozzakvarts (Vossa Jazz) 2010

Nokon mindre verk

Svenneprøva (2001) for solo trekkspel/akkordeon. Verket er også arrangert for duo.

Augustblomen (2004) (også instrumentert ut for Kork av Øyvind Westbye) for solo trekkspel/akkordeon

Kulu (2003) for solo trekkspel/akkordeon

Gudl rudl (2001) for solo trekkspel/akkordeon

Voggesong til nordavinden (2005) for song, trompet, piano og trekkspel. Tekst: Eldgrim H. Springgard

Bakom høgevarde (2005) for fele, trekkspel, tenorsksofon, bass, gitar og piano.

Med dyne og pute (2007) for vokal, trekkspel, 3 hardingfeler, gitar og bass: Tekst: Arne Moslåtten

Vårvinden (2010) for solo trekkepel/akkordeon

Snøkrystallen (2010)* for fløyte og klaver. Også arrangert for to trekkspel/akkordeon

Bergpolska (2011)* for fele/trekkspel, trekkspel, orgel, gitar, bass og lur

Fanfare (2013) for 3 trompetar

Regnbogemarsj (2013)* for to trekkspel og orgel

Monrad (2013) for solo trekkspel/akkordeon

*Medkomponist: Ingunn Stræte Lie